Tett på opplevingane - Slik er historien bak Myrkdalen Fjellandsby

Frå jordbruksbygd til attraktiv destinasjon på 20 år. Gode snøforhold er berre ein av grunnane. Myrkdalen i den nordlege delen av Voss er perfekt base for å utforska og bruka den flotte vestlandsnaturen, frå fjord til fjell. Sognefjorden og Nærøyfjorden - på UNESCOs verdsarvliste - er berre ein kort køyretur unna. Voss er kjent for sitt breie spekter av naturbaserte aktivitetar.

Myrkdalen Fjellandsby sin histore er eit lite eventyr i gründerånd og utvikling. Les meir på Myrkdalen sine nettsider.

I 2020 fusjonerte Myrkdalen Fjellandsby og Aurland Ressursutvikling, ein dristig manøver i ei tid der reiselivet var nedstengt pga. korona. Selskapet vart eit av Norgegs største reiselivsselskap for å stå sterkare og ha ambisjonar om framleis vekst etter pandemien. Selskapet endra namn til Norway’s best, men merkevara Myrkdalen består og dei driv i tillegg reiselivsutvikling i Flåm, Aurland, Geiranger, Narvik, Lysefjorden, Hjørundfjorden og Lofoten.

Image

Vårstølen Utleige AS
Myrkdalsvegen 5, 5713 Vossestrand
Telefon: (+47) 9240 2019‬
E-post: gopkvitne@gmail.com

© 2025, Logolink