
Din partnar på åremålsutleige i Myrkdalen
Vårstølen Utleige
Vårstølen Utleige legg til rette for at fritida i Myrkdalen skal vere utan problem og stress for alle som leiger fritidsleilegheiter på åremål. Moderne og fine leilegheiter, personleg oppfølging og praktisk hjelp der det trengst.
Myrkdalen
Myrkdalen er eit familievenleg skisenter i Voss herad. Om sommaren er dalen eit godt utgangspunkt for å oppleve fjord og fjell.
Voss er ein framifrå plass for naturbaserte aktivitetar, frå det ekstreme til ein roleg fjelltur, anten det er organisert og tilrettelagt av eit av dei mange aktivitetsfirmaa i bygda, eller de utforskar naturen på eiga hand.

Vinter
Snøsikkert, og garantert god stemning
Myrkdalen er velsigna med store mengder snø. Med åremålsleilegheit frå Vårstølen Utleige treng du ikkje fram med spaden for å måke taket heller. Du kan nyte fritida i eit av Vestlandets flottaste skianlegg. Myrkdalen har også restaurantar, kaféar og butikkar, og destinasjonen er i stadig utvikling.


Leilegheitene
Alle leilegheitene våre ligg no i Skabotn, rett ved Myrkdalen Hotel.